Knarvik skulekorps
Knarvik Skulekorps
 • Nytt    • Sesongplan    • Aktivitetar    • Medlemmer    • Foreldreinformasjon    • Dirigentar    • Arkiv    • Styret    • Om korpset    • Sponsorar     • Gjestebok  

 

 

   Arkiv
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 319 808

 

 


Seminarhelg med overnatting på Kvalheim Fritidssenter

Helga 20. - 21. oktober skal Knarvik skulekoprs ha seminarhelg. Etter øvingar i Knarvik reiser alle ut til Kvalheim Fritidssenter for speling, eting, boblebad, kos og hygge.

Program: Alle i hovudkorpset møter i Musikkhuset laurdag kl. 10.00 og juniorkorpset møter på Knarvik ungdomsskule laurdag kl.10.00.

Vi skal vera i Knarvik før vi reiser til Kvalheim. Det blir også servert lunsj i Knarvik. Vi satsar på avreise frå Knarvik til Kvalheim kl. 14.30. Alle må sjølv sørgja for transport.

Før vi reiser, får alle vite kva slags hytte ein skal bu i, og kven av dei vaksne som har ansvar i hytta.

Frå vi kjem ut til Kvalheim og til ca. kl.17.00 blir det frie aktivitetar.

Ca. kl.17.00 Vil aspirantane og nokre få frå hovudkorpset halda ein minikonsert.

Kl. 18.00 Middag
Kl. 20.00 Underhaldning i fellesrommet
Kl. 23.00 Skal alle vera i eigne hytter…

Søndag er det frukost i eiga hytte kl. 10.00. Pakking og rydding fram til kl. 11.30
Avreise Kvalheim ca. kl.12.00.
Foreldra som skal henta borna kan møta på Kvalheim kl. 11.30.

Når vi kjem til Knarvik blir det øving i ca 1 time før konserten. Her vil det bli servert frukt.
Avslutning med konsert kl. 14.00.

Vi skal ha med oss 60 musikantar på tur. For at dette skal bli ei hyggeleg helg for alle, treng vi ein del vaksne hjelparar…

Vi treng foreldre til lunsj laurdag, nokre kakebakarar, og vi treng nokre til å hjelpa oss å vaska ut hytter og fellesrom på søndag. Dugnadsliste kjem frå foreldrerepresentanten i løpet av veka.

Det vil bli ein leiar på kvar hytte. Namn og telefonnummer vert sendt på mail seinare. De som vil er hjarteleg velkommen til å vera med oss laurdagskvelden

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: Randi T. Hella - randitraeland.hella(a)lindas.kommune.no