Fleire hundre foreldre og bygdefolk møtte opp for å støtta opp om korpset på den årlege haustbasaren til Knarvik skulekorps. Og med caps og solbriller på, rocka aspirantane det heile igang.
Haustbasaren til Knarvik skulekorps er forlengst blitt ein tradisjon, og den er ei svært viktig inntektskjelde for korpset. I år var Johannes Rydland konferansier, og med humørfylte forteljingar og spesialskriven "peng-galopp", leia han forsamlinga gjennom fire rundar med åresal. Før basaren kom igang, framførte generasjonskorpset først to melodiar som dei også spelte på Sotrafestivalen tidlegere i haust. Deretter spelte hovudkorpset tre melodiar. Til slutt samla begge korpsa seg til eit avslutningsnummer, og her fekk aspirantane vist seg fram med stykka "Rock" og "Spania".
For å gjennomføra ein basar krevst det mykje forarbeid, og basarkomiteen har arbeidd godt i heile haust med å skaffa gevinstar og planlegga basardagen. Fleire bedrifter og privatpersonar har stilt opp med gevinstar, og korpset vil retta ei stor takk til alle gjevarane. I år er det Marit Vaage, Hilde Midthaug, Ellen Albrechtsen, Kari Th. Stangeland, Randi Kvinge og Hege Olsvik som har vore med i basarkomiteen.
Foto: Frode Rath, Randi Kvinge og Hogne Haugsdal
Bilete frå basaren
 |
Alle aspirantane
|
|
 |
Klare til innsats
|
|
 |
Ivrige musikantar
|
|
 |
Juniorene
|
|
 |
Kari K Mostraum
|
|
 |
Kornettrekke
|
|
 |
Kule Erik
|
|
 |
Johannes Rydland i aksjon
|
|
Fleire bilete
 |
Slagverkgutta
|
|
 |
Solist Håvard Vaage
|
|
 |
Solokornettar
|
|
 |
Trekking av loddbøker
|
|
 |
Tøffe aspirantar
|
|
 |
Ventar på tur
|
|
|