Registrer spelarkortet ditt hos Norsk Tipping slik at 5 % av summen du tippar for går til Knarvik skulekorps.
Ordninga som gjer det mogleg for deg å støtta det lokale laget ditt vert kalla Grasrotandelen. Den går ut på at du som spelar kan gje 5 % av speleinnsatsen din til eit lag eller ein organisasjon som har registrert seg i Frivilligregisteret. Knarvik skulekorps er oppført i dette registeret, og oppfordrar alle støttespelarar om å gje sitt spelebidrag til korpset.
Grasrotandelen vert lansert i mars 2009, men den organisasjonen spelaren vel første gongen, vil få andel av innsats spelaren har gjort også i tida mellom 11. januar og mars 2009. Utbetaling av midlar fra ordninga vil skje direkte til organisasjonene, tre gonger årleg.
Les meir om korleis du går fram for å registrera spelarkortet ditt her:
https://www.norsk-tipping.no/page?id=93&key=70661
Av Randi Kvinge
|