Tysdag 5. februar blir det kurs i vasking, smøring og behandling av instrument for juniorar og aspirantar. Kurset vil vare i ca ein time frå kl 17 - 18.
Det hadde vore kjekt om flest mogleg av foreldra kan vera med på kurset. Etter kurset er aspirantane ferdig, for juniorane blir det vanlig øving fram til kl 19.
Komande helg er det NM for brassband i Grieghallen. Alle musikantane i hovudkorpset som skal vera med i NM, skal ikkje vera med på skulekorpsøvinga 5. februar. Det blir gruppeøving for resten av musikantane i hovudkorpset.
|