Ein gjennomgang av påmeldingane til utanlandsturen som var komen inn innan fristen 18. januar viser at det er mange musikantar som ikkje ønskjer/har anledning til å delta på turen til Spania.
Basert på dette har styret saman med arbeidsgruppa vedteke å utsetje turen til 2012.
Arbeidsgruppa har gjort ein god jobb med å få fram eit godt reiseopplegg. Dei har også saman med styret vurdert andre alternativ, men tilbakemeldingane var klar på at årets korpstur skulle gå til Spania.
Arbeidsgruppa vil forsetja arbeidet med å planlegge utanlandstur til neste år og vil også setja i gong inntektsbringande aktivitetar. Dei vil i det vidare arbeidet også vurdere alternative reisemål.
Me beklagar at det ikkje vert nokon tur i år, og er klar over at fleire av musikantane vil verta skuffa. Men me ser alle fram til ein fin tur neste år.
|