Neste laurdag, den 19. november går Sotrafestivalen av stabelen. Knarvik skulekorps skal spele i 2. divisjon.
Vi skal spele i gymsalen på Fjell ungdomsskule. • kl 11:15 Oppvarming • kl 11:40 Konkurransespeling Festkonsert og premieutdeling i Bildøyhallen kl 19:00
Billetter Alle musikantane får armband til bruk på festivalen (alle konkurransene) og festkonsert. For oss andre er prisane slik: Heildagsbillett inkl festkonsert: barn kr 50.- og vaksne kr 100.- Festkonsert: barn kr 50.- og vaksne kr 80.-
Pga stor pågang ved konkurranselokalane vert det salg av bill på eige bill kontor på skulen. Sotrafestivalen oppfordrar foreldre til å kjøpe billett i god tid før konkurransen ( kjøpast på stemnekontoret vis a vis gymsalen på Fjell ungdomsskule).
Vi oppfordrar foreldre og andre familiemedlemmer å vera med å heie:) Det vert ikkje organisert transport til Sotrafestivalen. Dersom de ikkje kan vera med/ køyre musikanten din må du finne nokon som kan bringe/hente og yte litt omsorg:) Frammøte på Fjell ungdomsskule kl 10:00 ( ca 45 min kjøretid frå Knarvik ifg gule sider)
Frå styret er det Kjetil Solland og Svein Bjordal som er ansvarlig for Knarvik skulekorps denne dagen.
For øvrig informasjon anbefaler vi nettsida: www.sotrafestivalen.no
|