13.02.08 Juniorkorpset har hatt ein fin start på nyåret. Vi har øvd mykje utan hjelp frå dei vaksne, og det har vore nyttig for musikantane. Når dei er åleine må dei ta større ansvar for stemmene sine.
Laurdag 5. april skal vi vera med på konkurransen Hordablæsten i Grieghallen, og då stiller vi som generasjonskorps med nokre av dei vaksne. Vi hadde jo stor suksess på konkurransen i haust:-)
Vi øvar for tida på ulike melodiar som vi skal bruka på konsertar, konkurransar og andre aktivitetar. I perioden framover må musikantane øva spesielt på følgjande notar:
- Floral Dance - Old MacDonald had a farm - Napoleons march - Solostemma på My first solo - Kromatisk skala
Viss de skal reisa vekk i vinterferien, ta med munnstykke og øv på det. Sjå også øvingsplanen for juniorkorpset som er lagt under linken "Sesongplan":
Berre ta kontakt med meg viss de har spørsmål.
Venleg helsing Hogne - dirigent 99574946 - hognehau@start.no
|