Knarvik skulekorps
Knarvik Skulekorps
 • Nytt    • Sesongplan    • Aktivitetar    • Medlemmer    • Foreldreinformasjon    • Dirigentar    • Arkiv    • Styret    • Om korpset    • Sponsorar     • Gjestebok  

 

 

   Arkiv
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 261 469

 

 


Til topps i Hordablæsten!
 
 
Slagverkensemblet etter konserten.
 
Slagverkensemblet etter konserten.

05.04.08: Knarvik gjorde det skarpt i årets Hordablæsten. Hovudkorpset tok ein knusande siger i 1. divisjon og Generasjonskorpset kom på ein flott 4. plass. Kristin Tømmermo Holmås tok ein sterk 3. plass i sin solistklasse, og slagverkensemblet kom på ein flott 5. plass i sin klasse!

Hovudkorpset gjorde ei flott framføring av stykket
Dimensions og blei belønna med siger i 1. divisjon. Korpset fekk 95 poeng, heile fire poeng føre Tertnes skolekorps på 2. plass. Denne poengsummen kvalifiserte til vandrepokal for høgast poengsum i dei tre brass-divisjonane. Smørås skolekorps kom på 3. plass. Det var tre korps med i 1. divisjon.

Generasjonskorpset spelte ein kjempebra konsert og blei nr. 4 i sin klasse med 87 poeng. Det var heile 13 korps med i klassen for generasjonskorps.

Kristin Tømmermo Holmås kom på 3. plass i sin klasse og fekk 93 poeng. Det var 22 solistar med i klassen til Kristin.

Slagverkensemblet gjorde også ein kjempeflott innsats med "Strutsedans". Av 21 ensembler blei dei nr 5 med 86 poeng.

Kjempeflott innsats alle saman!!!

Sjå også omtale på www.strilen.no og www.nordhordland.no/puls/article3456113.ece

Det kjem fleire bilete frå Hordablæsten måndag.

Av Hogne Haugsdal
Foto: Arild Stangeland

   


Read file
 Resultater alle klasser Hordablæsten




Hordablæsten  

Hovudkorpset i aksjon
Hovudkorpset i aksjon
Slagverkgutta i aksjon
Slagverkgutta i aksjon
Framsida på strilen.no
Framsida på strilen.no
Glade gutar!

Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: Randi T. Hella - randitraeland.hella(a)lindas.kommune.no