Det er veldig viktig at vi får øvingar fram mot NM der det er flest mogleg til stades. Det er klart at det skal mykje til for at det skal klaffe for alle no på denne tida, men her kjem ein plan vi trur vil vera bra.
Gjentek gjerne at vi har eit klart mål om å spele så bra som vi kan i Stavanger, og då er det viktig at alle strekker seg langt for å komme på øving. Hugs at det er betre at du kjem på deler av øvinga enn at du ikkje i det heile teke.
Søndag 15.06: Vi er på plass i huset i konsertantrekk klare til øving kl. 13.30. Avreise i privatbilar til Åsatun: Kl. 16.00 Konserten byrjar kl. 17.00.(Vi skal ikkje spele først, så dei som kjem frå Voss rekk dette fint)
Måndag 16.06: Øving kl. 19 i huset.(litt uklart når øvinga sluttar, men ta høgde for i alle fall to timar)
Tysdag 17.06: Øving til vanleg tid i huset kl 17-19.30
Onsdag 18.06: Tek sikte på full øving kl 17-18 i huset. Dei som skal på avslutning for 7.-klasse går når dei må. Avslutninga er kl. 1830. Dei som går i 6. klasse og skal servere, prøver også å vere på deler av øvinga.
Torsdag 19.06: Fri
Fredag 20.06: Avreise til Stavanger (sjå e-post).
Ha ei strålande oppkøyring til NM.
Marit:-)
|