Set av siste helga i juli, då er det nemleg tid for EBML sitt Feriespel på Ostereidet. Søknadsfrist er 25.juni
Informasjon frå Feriespel:
Hei, her kjem invitasjonen til årets Feriespel på Ostereidet. I år som dei ti siste åra, vil me arrangera eit lite feriespel i dugnadsånd på Ostereidet frå fredag 25. til søndag 27. juli.
Me tenkjer oss tre korps; yngste, mellomste og største, så du er velkomen frå aspirant og opp til 20 år (eller eldre). Heile feriespelet blir gjort på dugnad av EBML-musikantar og andre friviljuge.
Nokre viktige punkt: Vi treng foreldre til daghjelp, kjøkkenhjelp o.a. Ein person frå kvart korps til rydding/vask før avslutningskonsert.
Me treng navn, e-post-adresse og telefonnummer til kontaktperson i kvart korps. Gje opplysningar om dette til Vibecke Kleiven på tlf. 958 30 110 eller vibecke.kleiven@hotmail.com.
Det blir ikkje overnatting på årets feriespel. Frammøte blir fredag 25. juli kl. 16.00 på Ostereidet skule. Frammøte laurdag og søndag er kl. 09.00, opplagt og speleklar. Henting av trøytte og glade musikantar er fredag kl. 22.00 og laurdag kl. 23.00. For å unngå bilkaos, er det best at både henting og levering skjer ved idrettsbygget, der det er større parkeringsplass.
Avslutningskonsert blir søndag 27. juli kl. 16.00 i idrettsbygget på Ostereidet.
Deltakarane vil få middag/kvelds på fredag, lunsj, frukt og grillmat + rebusløp på laurdag, og god lunsj på søndag.
På Feriespelet vil me ha gruppeundervisning, ensemblespel, korps og sosialt samvær.
Ta med: Notestativ, mutar (dersom du har), slagverksutstyr, treningstøy ... Du betalar kr. 400,- for mat og undervisning når du kjem på fredag.
Meir informasjon om Feriespelet vil du etter kvart finna på www.ebml.no.
Påmeldingsskjema Feriespel
|