28.04.09: Knarvik skulekorps tok ein overlegen siger i Vårspretten med 104 poeng. Juniorkorpset kom på ein flott 4. plass med 90 poeng.
Skulekorpset har hatt ei flott utvikling denne vinteren og det blei i dag krona med siger i 1. divisjon i Vårspretten. Korpset fekk 95 poeng på musikalsk framføring og 9 poeng på programval. Dirigent Sturle Berntsen hadde ein kommentar då han fekk høyra resultatet: - Utrolig fett!
Knarvik vant framfor Tertnes skoles musikkorps (101 poeng) og Sotra Vest skulekorps (100 poeng)
Knarvik juniorkorps stilte i klassen for junior- og aspirantkorps. Dette var første konkurransen utan vaksne, og dei gjennomførte ein flott konsert. 90 poeng og 4. plass er eit supergodt resultat.
Vi gratulerer alle i Knarvik med super innsats!!
|