Søndag 16. desember blir det julekonsert i misjonshuset og speling i senteret. Her er litt informasjon om kva som skjer denne dagen.
Julespeling for hovudkorpset i senteret kl. 14.30. Oppmøte kl.14.00 i Misjonshuset Me skal i utgangspunktet berre spela litt for å skapa julestemning. Martin og Andreas har fri. Me spelar følgjande nummer: (rekkefølgje tar vi på scena)
- Silent Night - Christmas Song - Fra den raude boka: nr. 114, 115,116, - Det lyser i stille grender. (1 vers: Marte, Torstein, Kristin H, Aleksander,Torbjørn og Jonas. 2 vers: Grovmessing. 3. vers: Alle, Kari obligat)
- Vi tenner våre lykter. (1. vers: Kari, Hanne, Håvard, Andreas Aa. 2.vers: Grovmessing. 3.vers: Alle. Madeleine, Jonathan og Helene obligat)
Mitt hjerte alltid vanker: (1.vers: blir annonsert 2.vers: Grovmessing. 3.vers: Alle. Håvard obligat)
Det er ikkje sikkert at me spelar alt. Det tar vi etter kvart. I tillegg er det meininga at juniorslagverket i lag med Lars og Mathias skal spela julesamba.
Julekonsert i misjonshuset kl. 16.00 Det er heile Knarvik skulekorps og Oster Brass som skal vera med på konserten.
Oster Brass starter konserten.
Deretter følgjer Juniorkorpset med følgjande program: - Bjelleklang - Deilig er jorden - Nokre solistar - O jul med din glede - Så går vi rundt...
Etter det kjem det ei lita overrasking. Oppmøte for juniorar og aspirantar: kl 15.30 Antrekk juniorar: Same som tidlegare konsertar. Aspirantar, -pent antrekk.
Hovudkorpset skal spela til slutt med følgjande program:
- Nr. 114 i den raude boka. - Winter - Christmas Song - Det lyser i stille grender (same fordeling som i senteret) - Silent Night
Antrekk: Svart med kvit detalj.
Til slutt satsar me på eit fellesnummer med Oster Brass. (Deilig er jorden)
|