Hovudkorps, juniorkorps, aspirantar og Oster Brass hadde søndag 16. desember julekonsert i Knarvik misjonshus. Tidlegare på dagen laga hovudkorpset julestemning i senteret med eit lite innslag av samba.
Julekonserten i misjonshuset er blitt ein fin tradisjon for skulekorpset. Først ute under årets konsert var Oster Brass med dirigent Jane Westervik. Tidlegare denne veka blei ho tildelt Lindås Kommune sin kulturpris for 2007. Vi gratulerar!
(Alle foto: Arild Stangeland)
Etter Oster var det tid for juniorkorpset og nokre solistar. Korpset spelte fire julesongar der alle i korpset fekk prøva seg på melodistemmene. Solistane som spelte var Silje, Sander, Elise og Lena. Til slutt var alle aspirantane med på eit fellesnummer med melodien Bjelleklang.
Hovudkorpset runda av konserten med mykje flott og stemningsfull julemusikk. Heilt til slutt spelte hovudkorpset og Oster saman på "Deilig er jorden", publikum reiste seg og song.
Samba i senteret Tidlegare på dagen spelte hovudkorpset konsert i senteret. Oppdraget var å skapa julestemning for alle som var ute på juleshopping.
- Det er alltid kjekt å spela for folk som ikkje er vant med korpsmusikk. Det var mykje folk og vi fekk gode tilbakemeldingar frå fleire tilhøyrarar, seier dirigent Marit Tømmermo.
Slagverkgruppa til juniorkorpset skapte også Sambastemning midt i julestria. Dei spelte ein sjølvkomponert samba som dei har kalla "Samba, god jul!" Gruppa bestod av Heine, Hans og Jonas frå juniorkorpset, og Lars og Mathias frå hovedkorpset.
Julekonsert
 |
Hovedkorpset
|
|
 |
Fleire juniorar
|
|
 |
Aspranter og juniorkorps
|
|
 |
Elise spelar solo
|
|
 |
Sander spelar solo
|
|
 |
Lena spelar solo
|
|
 |
Silje spelar solo
|
|
 |
Juniorkorps
|
|
 |
Jane Westervik, dirigent i Oster
|
|
Speling i senteret
 |
Korpset skapar julestemning
|
|
 |
Samba god jul!
|
|
 |
Ferdig med speling
|
|
 |
I aksjon
|
|
|