Knarvik skulekorps
Knarvik Skulekorps
 • Nytt    • Sesongplan    • Aktivitetar    • Medlemmer    • Foreldreinformasjon    • Dirigentar    • Arkiv    • Styret    • Om korpset    • Sponsorar     • Gjestebok  

 

 

   Arkiv
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 298 414

 

 


Program for 17. mai
 

Lørdag er det 17. mai og her er speleprogrammet for dagen. NB! Programmet i NH-hallen startar kl 13.00, ikkje kl 14.00 som vi har skrive tidligare.

Oppmøte: Alle møter ved inngang til Nordhordlandshallen seinast kl 11.00

Antrekk: Det er meldt fint ver, så alle kan ha på seg fine klede (bunad o.l)

Oppstilling i toget: Kl 11.15. Hovudkorpset skal gå langt framme i toget, juniorar/aspirantar/foreldre skal gå litt lenger bak. Dirigentane vil visa kvar korpsa skal stå. Hovudkorpset spelar "Ja vi elsker" før avmarsj.

Avmarsj: Toget går kl 11.30

Såtabu: Toget stoppar og hovudkorpset spelar "Gud Signe vårt dyre fedreland"

Sjukeheimen: Toget stoppar og hovudkorpset spelar "Fagert er landet"

Vidare program: Toget går tilbake til NH-hallen, og programmet i hallen startar kl 13.00. Hovudkorpset sit på plass i hallen og spelar "Ja vi elsker" som opning.

Ca kl 13.20: Hovudkorpset spelar si avdeling:
1. Hamburgar
2. Strutsemarsj med solistar
3. Ro ro til Siraland
4. Trommemarsj: Juniorar og aspriantar kjem marsjerande inn i salen. Juniorar stiller seg bak korpset, aspirantane framfor.
5. Fellesnummer: Napoleonmarsj.

NB! Juniorar og aspirantar må stå klar i gangen når hovudkorset startar sitt program kl 13.20. Dirigent Hogne viser kor dei skal stå.

Hugs noteklyper, noter og godt humør!

Helsing dirigentane.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: Randi T. Hella - randitraeland.hella(a)lindas.kommune.no